Hjem Boka "Fremad Marsj!"
Fremad marsj! PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Administrator   
torsdag 29. januar 2009 19:33

Mo Hornmusikk ga i 2000 ut en forsinket jubileumsbok (jubileet var i 1997), og her kan du lese noen av anmeldelsene. Kontakt oss for å få kjøpe boka.


Anmeldt av Helga Didrikke Sundal til Musikkorpsavisa: 

Praktverk om ei korpshistorie 
Praktverk om Mo Hornmusikk 

Tittel: Fremad marsj! Med Mo Hornmusikk gjennom Rana i 100 år 
Forfattar: Tor Jacobsen 
Utgjeve av Mo Hornmusikk 

Mo Hornmusikk i Nordland fylte 100 år i 1997. Forfattar og tidlegare musikant i korpset, Tor Jacobsen, har skrive jubileumsbok om korpset. På 214 sider og 33 kapittel fører forfattaren oss gjennom historia til korpset i gruvebyen Mo i Rana. Vi får eit grundig innblikk i utviklinga frå 1897, då Mo Musikforening vart skipa for å gje innbyggjarane korpsmusikk på høgtidsdagane, og fram til høgdepunktet i korpset si musikalske historie: sigeren i 3. divisjon i NM Janitsjar i 2000. 
Jacobsen let oss bli kjent med personane som fører Mo Hornmusikk framover og han skriv parallelt om samfunnsutviklinga i Rana og utviklinga av korpset. Det er kanskje dette som gjer boka ekstra interessant, også for dei som ikkje er ihuga korpsfolk. Boka gjev eit fint bilde av den sosiale og økonomiske utviklinga av Mo i Rana, og ikkje minst om korleis korpset vart påverka av denne utviklinga. Kjeldene som forfattaren har brukt viser dette: arbeidarrørsla sine arkiv har vore flittig brukt i bokprosjektet. I tida før andre verdskrigen var det strid mellom ”borgarane” og ”arbeidarane”. Skal korpset spele på arbeidardagen 1. mai eller på borgarskapet sin dag 17. mai? Arbeidarrørsla skipa sitt eige korps – ”Arbeidernes musikkorps”. Men dette vart etterkvart igjen slege saman med det som då heitte Mo Bymusikk. 
Eg vart raskt imponert over kor mykje forfattaren har greidd å finne ut om dei første åra til Mo Hornmusikk. Jacobsen skriv sjølv om dette i forordet i boka: Han gjev honnør til korpset for å ha teke så godt vare på historia, både eldre og nyare. Eit tankekors for mange korps, skulle eg tru – arkivering er vanlegvis ei lavt prioritert oppgåve i korpsrørsla. Men etter å ha lese denne boka ser ein kor viktig det er å ta vare på historisk materiale, for mange har glede av å høyre historia til korpset. 
Personane bak Mo Hornmusikk er mange, men forfattaren framhevar med rette ei handfull av dei: Terje Falch Olsen som dirigerte korpset i til saman nesten 30 år, pappa Wilhelm og son Henry Crugchang, familien Guttormsen med Guttorm ”Stompen” i spissen (musikar og komponist) og sist, men ikkje minst: Tor Halvard Nilsen. Sistnemnde tok over som dirigent i 1983, og har leia Mo Hornmusikk stadig framover. Høgdepunktet til no må utvilsamt vere sigeren i 3. divisjon i NM Janitsjar i år, men vi blir kanskje endå meir imponert over musikalkonsertane i Ranahallen. Tor Halvard Nilsen stod bak desse konsertane som samla heile musikklivet i Rana, fleire tusen publikummarar og stjernesolistar. 
Tor Jacobsen skriv ledig og lett, og krydrar det heile med sitat frå arkiv og lokalavisene. At forfattaren sjølv har vore aktiv musikant i korpset gjer nok sitt til at boka er blitt så bra. Han kombinerer eigne erfaringar og korpsengasjement med lokalhistorie på ein framifrå måte. Alt dette gjer boka til lystig lesing – og her er mykje å både le og grine av! Skildringane frå ulike turar og festar er fornøyelege, medan møtereferata frå dei harde tidene viser kor fort korpslivet svingar. Ekstra interessant er det å sjå at utfordringane i korpsmiljøet er dei same i dag som for 100 eller 50 år sidan. Evig tilbakevendande problem er lite pengar, manglande oppslutnad frå publikum, dårlege øvingslokale og slett frammøte på øvingane. Dette er tema som alle korpsfolk kjenner igjen, også i dag. 
Mo Hornmusikk kan med rette vere stolte av dette praktverket. Eg hadde ikkje kjennskap til korpset før eg las boka, men ho var svært interessant og artig å lese likevel. ”Fremad marsj”! vert anbefalt på det varmaste til alle korpsfolk – uansett kvar i landet de bur. 

--- 

Fra Rana Blad: 
Leserbrev fra Asbjørn Straumfors 
Klaus Solbakkens redaksjonelle anmeldelse

Sist oppdatert søndag 01. februar 2009 19:57
 
Kopirett © 2010 Mo Hornmusikk. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 

Våre sponsorer

Banner
Banner

Pålogget

Vi har 1 gjest her nå